Snøsøstera

Kilden teater og konserthus Teater- og Operasalen

Sjølystveien 2, 4610, Kristiansand

14. november 25

17:30 - 19:30


Kilden Teater presenterar: Snøsøstera av Maja Lunde og Lisa Aisato
Dramatisert av Maja Lunde

Det er 1. desember og snart jul. Men i år gruer Julian seg, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans. Heime hos Julian er nemleg ingenting som det pleiar vere i desember. Ingenting er som det brukar å vere i det heile. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Han elskar lukta av klementinar og peparkaker, stearinlys og spenninga i adventstida. Men i år er jula avlyst. Storesøstera til Julian døydde nyleg, og sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Julian er stort sett overlaten til seg sjølv. Alt ser bekmørkt ut - inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig.  
 
Snøsøstera er ei varm historie om sorga over å miste ei søster og gleda ved å få ein ny venn, om overnaturlege ting og ekte juleglede.  


Passar frå 6 år og oppover


Kunstnerisk lag
Regissør: Alan Lucien Øyen  
Komponistar: Odd Nordstoga, Henrik Skram  
Scenografi: Åsmund Færavaag  
Kostymedesign: Stine Sjøgren  
Lysdessign: Torkel Skjærven  
Lyddesign: Gunnar Innvær  
Videodesign: Martin Flack


Skodespelarar  
Kjem

Norge / Agder / Kristiansand

Adresse: Sjølystveien 2, 4610, Kristiansand

Dato: 14. november 25

Klokken: 17:30 - 19:30